ET PAR DIKT
Februar
💙
INSPIRERT AVMÅNESKINN OG NATUREN HER
STROFER STRØDD UT PÅ HIMMELEN
La oss sei
at eg skal skrive tusen dikt
ei strofe her
og ei strofe der
Strø dei ut på himmelen
Ei strofe for alle eg har elska
ikkje gløymt
Ei strofe for alle eg elskar
Ikkje gløymt
Eg strør og strør
Himmelen er so klar her eg bur
Her er rom for fleire dikt
også eit til mor mi
Ho var ein stødig pilar
ENGLETRAPPETRINN
Det er ein musikk
i den bøna
den stiger på
engle
trappe
trinn
og ropar på ein
som eit ekko frå fjellet
JA

eit ekko
ein musikk
Og no vil eg bere den bøna

for deg
til deg
for oss
til oss
Ein musikk for oss alle
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar